Tilbake til oversikten

28.02.2019

Klassikarar for framtida. 25 nye norske

Vi presenterer her ei liste med 25 nye norske klassikarar utgjeve i tidsrommet 2013 til 2017. Det er litteraturkritikarane Bernhard Ellefsen, Bjørn Ivar Fyksen, Merete Røsvik og Janneken Øverland som står for kåringa i eit prosjekt i regi av Lom folkebibliotek. Vi startar opp i dag og deler lista med dykk. I vekene som kjem, vil vi gje ein kort presentasjon av bøkene med omtaler laga av kritikarane. Vi legg ut nye presentasjonar måndagar utover året fram til 9. desember. Sjå oversikt under.

I alt 59 bibliotek er nå med i klassikar-prosjektet, og vi håpar at lesarar over heile landet blir med og les ein eller fleire av dei nye klassikarane i Bokåret 2019! Dei fleste bibliotek har alle desse bøkene i samlinga si. Biblioteka som er med i prosjektet, vil også ha utstillingar, nokre vil ha arrangement i løpet av året, dei har leseskjema der dei oppmodar folk til å bli med og lesa dei nye klassikarane. Kanskje er det aktuelt å lesa bøkene i lesesirklar? Kan hende er det bøker de saknar i utvalet? Kanskje er det bøker de meiner absolutt ikkje burde vore med? Da har vi nådd målet om å skape interesse og engasjement rundt ny norsk kvalitetslitteratur! Klassikar-prosjektet er initiert av Lom folkebibliotek og er støtta av Stiftelsen Fritt Ord, Kulturrådet, G-Kultur og Sparebank1 Lom og Skjåk.

Her kjem lista med dei nye klassikarane med dato for presentasjon på sida:
11/3: De usynlige av Roy Jacobsen, Cappelen Damm, 2013
25/3: Teori om det eneste. Bok I og Bok II av Nils Christian Moe-Repstad, Flamme, 2013
1/4: Å, høye dag av Steinar Opstad, Kolon, 2013
8/4: Orgelsjøen av Øyvind Rimbereid, Gyldendal, 2013
23/4: Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896 av Dag Solstad, Oktober, 2013
6/5: Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux av Hanne Ørstavik, Oktober, 2013
20/5: Ensomheten i Lydia Ernemans liv av Rune Christiansen, Oktober, 2014
3/6: Magdalenafjorden av Kjartan Fløgstad, Gyldendal, 2014
17/6: Trilogien (Andvake, Olavs draumar, Kveldsvævd) av Jon Fosse, Samlaget, 2014
1/7: Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem, Oktober, 2014
15/7: Vinternoveller av Ingvild H. Rishøi, Gyldendal, 2014
22/7: Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller, Aschehoug, 2014
5/8: Å resirkulere lengselen, avrenning foregår av Inger Elisabeth Hansen, Aschehoug, 2015
12/8: Max, Mischa & Tetoffensiven av Johan Harstad, Gyldendal, 2015
26/8: Fra vinterarkivene av Merethe Lindstrøm, Oktober, 2015
9/9: Over elva av Laila Stien, Tiden, 2105
16/9: De urolige av Linn Ullmann, Oktober, 2015
30/9: For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges av Kyrre Andreassen, Gyldendal, 2016
7/10: Havende av Gunstein Bakke, Oktober, 2106
14/10: Arv og miljø av Vigdis Hjorth, Cappelen Damm, 2016
28/10: Om våren av Karl Ove Knausgård,Oktober, 2016
11/11: Berge av Jan Kjærstad, Aschehoug, 2017
25/11: Vandreutstillinger av Cecilie Løveid, Kolon, 2017
2/12: Tung tids tale av Olaug Nilssen, Samlaget, 2017
9/12: Penelope er syk av Ole Robert Sunde, Gyldendal, 2017

 bg.jpg
 20190304_133903.jpg


Tilbake til oversikten