Om prosjektet

Moderne klassikarar er eit prosjekt i regi av Lom folkebibliotek. Idéen til prosjektet kom med Fritt Ord si utlysing av prosjektmiddel til formidling av klassikarar i bibliotek i 2017. Lom folkebibliotek valde å vinkle satsinga inn mot ny, norsk kvalitetslitteratur og potensielle klassikarar for framtida. Vi inviterte med oss fire av våre fremste litteraturkritikarar til å kåre dei 25 bøkene dei meiner har størst potensial til å bli klassikarar for framtida. Bøkene er skjønnlitterære utgjevingar skrive av norske forfattarar frå 2013 til 2017.  Dette er bøker som alle folkebibliotek i landet har mottatt gjennom den statlege innkjøpsordninga og skal ha i samlingane sine i minimum fem år.

Litteraturkritikarane Bernhard Ellefsen i Morgenbladet, Bjørn Ivar Fyksen i Klassekampens Bokmagasinet, Merete Røsvik og Janneken Øverland står for kåringa og har skrive ei kort omtale til kvar av bøkene. 

Lom folkebibliotek har invitert andre bibliotek til å bli med i klassikar-prosjektet for å sette fokus på ny, norsk kvalitetslitteratur i Bokåret 2019. Totalt er 64 bibliotek frå Mandal i sør til Beiarn i nord med.

På denne nettstaden ligg lista med dei nye klassikarane i sin heilskap. 4. mars presenterer vi lista og kvar veke framover presentere vi ein av dei nye klassikane. 

I tillegg til Fritt Ord, har Kulturrådet, Sparebank1 Lom og Skjåk og G-Kultur støtta prosjektet.