Tilbake til oversikten

02.08.2019

Å resirkulere lengselen, avrenning foregår

Diktsamlinga handlar om at naturen blir påverka av rovdrift og forureining, men viser òg til mytologi og førestellingar mennesket gjennom tidene har hatt om verda. Dette er lærde dikt som også tek vitskaplege omgrep inn i det poetiske språket: «Den Lille Klovnefisken som lever i sjøanemonen / har fått registrert svikt i nøkkelmolekylet som regulerer orienteringsevnen.» Språket rommar både humor og sorg knytt til at naturen, som før har stått for det evige og stabile, no endrar seg grunnleggjande. Dermed vil også det vi tenkjer om verda måtte endre seg. Naturen har tradisjonelt symbolisert lengten etter det vakre, reine og andelege, men diktaren peiker på at lengten snart kan kome til å rette seg mot det vi til no har teke for gitt; naturen sjølv.
Inger Elisabeth Hansen (f. 1950) debuterte som lyrikar i 1976. For diktsamlinga Trask, forflytninger i tidas skitne fylde (2003) fekk ho Brageprisen og vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Å resirkulere lengselen, avrenning foregår sikra henne Kritikerprisen 2015.

Omtale skrive av Merete Røsvik

 Lengselen.png


Tilbake til oversikten